Tagginga er loggført som hatkriminalitet ved Stord politistasjon, skriv NRK.

– Dette er eit religiøst bygg, og det er grunn til å sjå alvorleg på saka. Det er ein hensikt bak dette, seier etterforskingsleiar Roald Raunholm til NRK.

Det var avisa Sunnhordland som først omtalte saka.

I dag er den internasjonale Holocaustdagen, ein årleg minnedag over folkemordet på jødar og andre minoritetar i dei tyske konsentrasjonsleiarane.

Blant desse minoritetane er Jehovas Vitner, som held til i det tilgrisa forsamlingshuset.

I alt døyde mellom 2500 og 5000 vitne i konsentrasjonsleiarane. Forfølginga starta etter at dei nekta å signere ein erklæring om å vere meir tru mot naziregimet enn mot Jehova.