Vi må snakke mer om det

Bokaktuelle Camara Lundestad Joof mener vi må anerkjenne at rasisme er en del av den norske hverdagen.

Carima Tirillsdottir Heinesen

Redaktør

Carima Tirillsdottir Heinesen

Redaktør

FOTO: Maria Gossè

– Her i Norden har vi så god tilgang på informasjon at ignoranse til slutt blir et valg. Debatter om rasisme og diskriminering forekommer så hyppig at dersom man for eksempel ikke har fått med seg at det ikke er ok å bruke n-ordet, da har du faktisk valgt å ikke bry deg, sier Camara Christine Lundestad Joof .

Hun er aktuell med boken Eg snakkar om det heile tida på Samlaget forlag (les utdrag lenger ned i teksten). Boken er en del av serien Norsk røyndomen bokserie om den norske samtiden. Da Lundestad Joof  ble spurt om å bidra til serien, ønsket hun først å skrive om sitt eget syn på kvinner med ulike nasjonaliteter i pornobransjen. Men etter å ha gjort litt research, innså hun at å beskrive de rasistiske strukturene som ofte ligger til grunn for dette, var lettere sagt enn gjort:

– Det gikk opp for meg at folk flest faktisk ikke skjønner hva internalisert rasisme er, og hvordan det kjennes ut i en norsk kontekst. Det er også vanskelig å etablere hvordan rasisme ser ut i en norsk kontekst, hvilke strukturer som er på plass, da de fleste referansene våre er britiske eller amerikanske. Da blir det lett å tenke at det er noe som skjer i USA, ikke her. Alt for ofte er det den som utsettes for rasisme som får bevisbyrden lagt på seg, man blir nødt til å vitne med personlige anekdoter, for det er ikke nok forskning. Det er jo majoritetsbefolkningen som dominerer det offentlige ordskiftet, og da blir det ofte folk som ikke opplever rasisme, som snakker om rasisme. I dette ligger det en ansvarsfraskrivelse. Dersom man skal forsøke å forstå rasisme i en norsk kontekst, må man snakke med og lytte til de som opplever det. Og så må vi snakke mye mer om det, sier Lundestand Joof.

Det er jo majoritetsbefolkningen som dominerer det offentlige ordskiftet, og da blir det ofte folk som ikke opplever rasisme, som snakker om rasisme.

Hun har sett seg lei på det hun mener er en historieløshet i den norske debatten om rasisme, og mener vi må strukturere rasisme inn i en historisk kontekst, fremfor å betrakte det som skjer i et vakum. Et eksempel på dette er utelatelsen av Norges involvering i den transatlantiske slavehandelen, sammen med Danmark, fra pensumbøker i skolen:

– De gangene vi snakker om det, gjemmer vi oss bak firehundreårsnatta. I stedet snakker vi om rasisme som et relativt nytt fenomen i Norge, noe som kom med pakistanske innvandrere på 1960-1970-tallet, og på den tiden drev vi fortsatt med tvangssterilisering av blant annet romfolk, og fornorskingen av samene, sier Lundestad Joof.

Den tunge kjærligheten

Eg snakkar om det heile tida er Lundestad  Joofs egen beretning om  hvordan det er å kjenne på rasisme i hverdagen. I boken skildrer hun ulike rasistiske hendelser hun som norsk-gambisk kvinne, har blitt utsatt for gjennom livet, og tar leseren med inn i refleksjoner og tanker hun og andre har om dette:

– Ofte er det klønete, gode intensjoner som ligger til grunn for rasistiske bemerkninger. Og folk blir veldig fornærma av tanken over at du helt fint kan si noe rasistisk uten å nødvendigvis være rasist. Vi er alle en del av samme struktur. Selv om mange spørsmål kan være godt ment, er det krevende å hele tiden bli stilt til ansvar for å forklare folk ting de både kunne og burde ta ansvar for å tilegne seg kunnskap om selv. Når det gjelder venner, og andre mennesker som står en nær, kan slike spørsmål virke ekstra sårende nettopp fordi man betrakter relasjonen med dette mennesket som en trygg sone der man slipper å hele tiden skulle svare for hvem man er. Claudia Rankine skriver godt om det i Medborgar, at vi alle bærer på et historisk-sjølv og et sjølv-sjølv, og noen ganger så kolliderer disse selvene utifra hvor og hvordan vi er posisjonert i samfunnet,  sier Lundestad Joof, og fortstetter:

Men den kjærlighetsjobben, herregud, den koster. Og som voksen har jeg lært meg at det kan være sunt å være sint.

– Representasjonsansvar er følelsen av at man må opptre på en viss måte for å vise det ikke er noen grunn til å være skeptisk til folk på grunn av hudfargen. At det ikke er plass til at du bare har en dårlig dag eller en skarp tone i offentligheten, for det er ikke bare du som blir dømt utifra den. Din oppførsel får konsekvenser for andre, så man tenker at det ikke er plass til sinne. Du skal være blid og imøtekommende selv når folk er ufine eller stiller dumme spørsmål. Det kommer jo også tilbake til dette med å ikke bekjempe hat med hat, men med kjærlighet. Men den kjærlighetsjobben, herregud, den koster. Og som voksen har jeg lært meg at det kan være sunt å være sint, sier Lundestad Joof.

I boken sier du at du er redd for at hele livet ditt er blitt redusert til hudfargen din. Kan du utdype?

– I boka beskriver jeg den paranoiaen som kan oppstå når man selv skal vurdere hva man opplever, og om man selv ser rasisme der hvor den ikke er. At jeg er livredd for å lese alt utifra hudfargen min, eller kjønnet mitt, eller legningen min, før jeg er et menneske. Brun først, og så alt annet, være det datter, venn eller kunstner. Og så prøver jeg å analysere min egen delaktighet i det. Hvordan har man kildekritikk til seg selv? Og siden dette er jobben min, som politisk kunster, så blir jeg noen ganger helt overveldet av at det er dette som betaler husleia mi – én ting er jo de opplevelsene man får ute i samfunnet som er helt utenfor din egen kontroll, men jeg bruker jo alle arbeidsdagene mine til å sitte og dypdykke i denne volden, man kan jo bli gæærn av mindre, avslutter Lundestad Joof intervjuet.

 

BUNAD I

Vi har ein bunad i familien, ein barnebunad. Ein nordlandsbunad. Den er brodert av Inga Rørvik. Ho er ei av dei tre kvinnene som står bak designet. Nordlands bunaden er den bunaden som flest gonger – uoffisielt – er blitt kåra til Noregs vakraste. No snakkar eg ikkje om den grøne, eg snakkar om den blå. Dette er viktig. Barne bunaden vår går på omgang i slekta til dei som har store nok barn til å bruke den. Då eg var seks år, var det min tur.

Mormor går for å ta ut pengar i minibanken. Eg står på Kvaltorget i Sandefjord og skin. Eg svingar med skjørtet. Eg har ikkje på meg kysa. Det er . mai. Og to kvinner – dei er eldgamle, i minnet mitt er dei minst hundre år – kjem bort til meg og kommenterer bunaden min. Så du har på deg nordlandsbunad, du? Ja, svarer eg, og legg ut om at den har vore i slekta alltid, og at når nokon er gamle nok, så får dei bruke den, og eg er gammal nok, for eg blir sju år om to veker, og eg spinn rundt i den og viser meg fram. Den eine kvinna gir meg eit rapp på armen med paraplyen sin. Og ho fortel at eg har ingenting i den bunaden å gjere. Det er respektlaust av meg å  bruke den, eg har ingen rett, seier ho. Så eit rapp til på armen. Eg burde skamme meg over å stå og skryte så hemningslaust av noko som ikkje er mitt. Eg gnir meg på armen og stirer på henne.

Så kjem mormor bort, springande, svingande, og ho slår den eine dama med veska si, og hyttar med neven og ber dei dra til helvete, og roper at det er dei som burde skamme seg. Damene styrtar av garde, og mormor er ein superhelt, og ho er rasande og kjærleg, og ho tørkar tårene mine, og tar meg med på tivoli, og sjølv om eg kjem frå ein sukkerfri heim, kjøper ho to heile sukkerspinn til meg, og eg et begge og blir så kvalm at etter karusellen kastar eg opp. På bunaden.

Når eg fortel denne historia, er som oftast ubehaget til lyttaren så sterkt at stemninga blir spent, fram til mormor dukkar opp og reddar dagen og det kjem oppkast på bunaden. På dette symbolet som kanskje ikkje betyr så mykje likevel. Når historia er ferdig, sit vi igjen og er letta. Sjokk og vantru, men òg ein lattermild lette.      Vi ville vore mormor i denne historia, får vi lov til å tenkje. Vi er alle så takksame for mormor. For om det finst ei mormor, så får vi vere henne. Og ikkje damene. Aldri dama som slo med paraplyen. Men kva med venn inna hennar? Ho som ikkje sa noko? Stilla hennar var like aktiv som paraplyen. For meg. Men mormor kom først etterpå, etter at damene hadde gått.

Det er ein helvetes kø framfor minibanken . mai. Det fanst ikkje Vipps på nittitalet. Mormor kunne ikkje noko for at ho ikkje var der, like lite som at eg kunne noko for at eg stod der. Og då mormor kom, sa eg ikkje noko. Og sidan eg ikkje sa noko, kunne ho heller ikkje gjere noko. Men rappa på armen var ikkje så harde, og det tok ikkje lang tid før eg slutta å gni på dei og blei distrahert av borgartoget.      Men eg la inn mormor i historia, nesten heilt i byrjinga, då eg som tenåring begynte å fortelje om det som hadde skjedd. For utan mormor er ikkje historia til å bere. Ikkje for den som høyrer historia. Og heller ikkje for meg sjølv somme gonger.

Då er det atter ein gong berre noko som har skjedd meg. Formålet med historia blir å seie: Dette skjedde meg. Dette skjedde meg som lita, då eg ikkje hadde nokon ord. Eg hadde ikkje noko språk til å forklare det for nokon, så eg sa ingenting. Og som vaksen er eg sint. På vegner av jenta i nordlandsbunad er eg sint, og eg vil fortelje det til deg. Det er viktig for meg at du forstår kvifor eg er sint. Men eg vil ikkje vere ho som igjen innleier samtalen med noko som har skjedd henne. Dette skjedde meg. Som igjen får alt til å handle om meg og hudfargen min. Så historia handlar om at mormor var ein superhelt. Nokre gonger for di skuld, men kanskje mest for mi eiga.

 

TAUET

Minnet er det vanskelegaste. Eg vitnar for meg sjølv heile tida.

Nazistane går i gatene. I Kristiansand. I Stockholm. I København, men der er dei berre to. Eg ler når eg les avisartikkelen. Nazidemo i København,to møter opp. Ein danske og ein svenske. Kvar er nordmannen? Leiaren for demonstrasjonen møtte ikkje opp sjølv eingong.

Han drog til Kristiania for å drikke øl i staden, saman med andre nazistarsom hellerikkje møtte opp.

Derfrå blir dei jaga ut. Dei går i USA. Eg ler ikkje. Retorikken er brutal. Eg ser dokumentaren om Charlottesville, der VICEs journalist Elle Reeve intervjuar dei høgreekstreme arrangørane. Dei seier at dei hentar inspirasjon frå Den nordiske motstandsrørsla. Dei same som gjekk i Kristiansand mindre enn to veker før Heather Heyer blir meia ned av ein bil.

I intervjuet seier dei at vi er så flinke til å organisere oss her i Skandinavia. Her er rørslene bygde på brorskap og solidaritet. Eg tenkjer at vi eksporterer fisk,Ibsen og nynazisme. Hat er den nye oljen. Eg snakkar om det heile tida ferdig.

Når dei marsjerer i Kristiansand, er folk i sjokk. Folk er rasande. Facebook-feeden min flyt over. Kvar kom dei frå? Forsvann dei ikkje etter Benjamin? Nokre av oss veit at dei har vore her heile tida. Dei lèt berre håret gro. Dei var der på dei same festane som eg på ungdomsskulen. Ein lærte seg stort sett å omgåst. Om Vigrid var på kjøkkenet, så gjekk eg inn i stova. Om dei kom til stova, tok eg ølen med meg ut i hagen. Alle hadde kjent alle sidan barnehagen, alle kjende broren til nokon. Om du ikkje provoserer dei, kjem det til å gå fint.Vi må alle lære å omgåst. Vi kan jo ikkje la vere å invitere dei. Vi er alle venner her. Då eg var fjorten, blei eg banka opp. Dette er det vanskelegaste. Eg hugsar ingenting.

Eg hugsar eit spark i ryggen. Hugsar eg eit spark i ryggen? Joggesko? Vernesko? Store sko? Eg trur eg hugsar eit spark i ryggen. Eg hugsar at eg måtte kaste opp, at eg mista balansen, fall mot doskåla og fekk ein kul i hovudet. Etter det hugsar eg ingenting. Og sidan eg veit at  sparket   kom etter doskåla, vil det seie at eg ikkje hugsar det.

Det eg hugsar, er blåmerket. Korleis kan eg fortelje om noko eg ikkje hugsar? Eg hugsar at eg vakna i mi eiga seng og tenkte at der skulle eg ikkje sove i natt. Eg hadde loge og sagt at eg skulle sove hos ei venninne. Eg hugsar mamma. Ho sit på ein stol ved senga og søv med hovudet kvilande mot dyna mi. Eg vrir meg. Kroppen verkjer. Ho ser at eg er vaken, og ho er ikkje sint. Ho græt. Eg hugsar at eg går på badet og ser blåmerka nedover ribbeina. Kulen i hovudet. Kjenner at ryggen er øm. Eg kan ikkje vitne for meg sjølv. Dette er kanskje det vanskelegaste.

På politistasjonen er dei vennlege. Eg får vatn. Lyset er skarpt. Stefaren min er med. Vi blir einige om at mamma er for emosjonell. Eg kan ikkje hjelpe dei. Eg kan ikkje hjelpe meg sjølv. Ei venninne hadde ringt bror sin. Ei nabodame hadde ringt politiet. Eg får høyre at eg var blitt dratt ut på gardsplassen. La oss binde beina hennar fast til bilen og slepe henne bortetter vegen. La oss sjå kor mykje ein neger toler. Det var gått så langt at nokon hadde funne fram tau.

Eg hugsar dårleg samvit overfor politimannen som prøvde å få kjennskap til detaljar, kva som helst av detaljar, då han spurde om eg hugsar bilen, eller tatoveringar, eller kor mange dei var, eller om dei hadde blondt eller brunt eller raudt hår, kva som helst. Han blir frustrert av meg. Eg skjønner det godt. Men eg skjønnerikkje alvoret.Eg røperikkje namna på dei som var på festen. Eg er redd dei skal finne ut korleis vi fekk tak i alkohol. Eg er redd vennene mine skal få trøbbel. Eg har ikkje lyst til å sladre. Eg har hellerikkje lyst til å lyge. Eg hugsaringenting. Eg bestemmer meg for at sidan eg ikkje hugsar noko,så er det ikkje eit reelt traume. Kanskje det kjem etterpå, når nokon av vennene mine er meir urolege for om eg har tysta, enn om eg har det bra. At det faktisk var vennene til bror deira, eller folk vi gjekk i barnehage saman med, og at jo, det gjekk for langt, men du spydde ut over heile badet, og folk var sinte fordi dei måtte vaske opp spy etter deg. Du kan ikkje halde spriten din. Nazistane går i gatene, og eg går og legg meg. Eg bestemmer meg igjen for å slutte. Eg bestemmer meg for å skrive ein vampyrroman. Eg har lister med idear. Kor mykje sollys er det i verdsrommet? Vil vampyrar bli likt påverka av ulike typar stjerner? Vampyrar treng ikkje oksygen. Eg tenkjer på Benjamin. Før Benjamin og etter Benjamin. Eg tenkjer at det er så lenge sidan at alle saman er ute igjen no. Dei som drap han, er ute. Har sona ferdig. Eg veit ikkje korleis dei ser ut. Kan eg ha halde døra oppe for ein av dei på veg ut av ein butikk? Har vi sete saman på bussen? Dei var vaksne då dei gjorde det, men no er eg eldre enn dei var den gongen. Eg har alltid følt at om eg sørgde for mykje over Benjamin, så ville eg utnytte noko eg ikkje hadde rett til. Dei som kjende han best, var òg på sommarleiren til Antirasistisk Senter.

Mamma skulle etter kvartsende oss dit kvar sommar, men leiren var den første ho sende oss på, aleine. Dei hadde ein minnevegg vigd til han, som vi kunne skrive på. Eg følte at det ikkje var mi sorg. Men dei var så varme. Dei innlemma meg i sorga. Dei sa det var ei felles sorg. Ho var kollektiv. Dei var òg barn, ungdommar, med så stort hjarte. Dei kallar han Benny, Baloo. Eg kjende meg som ei blodigle.

Eg kjenner meg alltid som ei blodigle når eg snakkar om det rasistisk motiverte drapet på ein femten år gammal gut som var norsk, men brun. Som blei drepen fordi han såg ut som bror min. Ein fekk alltid eit ekstra lag med merksemd: Kjende du han? Var de venner? Kjende han bror din? De liknar faktisk, på bildet i avisa.Var de i slekt? Då Benjamin blir knivstukken, er han femten, eg er tolv. Når dei finn fram tauet mitt, er eg fjorten. Det er mitt tau no. Sjølv om eg ikkje hugsar det. Det sekundet det blei tatt fram, blei eigarskapet til tauet flytta frå han som skulle binde det rundt beina mine, til meg. Nei. Den augeblinken eg fekk høyre om tauet, blei det mitt. Eg hugsar det jo ikkje. Korleis kan ein eige noko ein ikkje hugsar? Alle er sjokkerte og spør kvar nynazistane kjem frå når dei stormar Stockholm Pride. Dei har vore her heile tida. Eg har lyst til å rope det ut i ekkokammeret mitt, som er i sjokk. Dei har vore her heile jævla tida. Kvifor veit de ikkje det? Har eg ikkje fortalt dykk det? Er det fordi eg ikkje snakkar om det nok? Eg snakkar jo om det heile tida.

 

Vi trenger din støtte! Du kan hjelpe oss i arbeidet mot diskriminering, fordommer og hat ved å dele denne artikkelen eller ved å gi en gave.