21 Mar 2017 |  - Ekstern skribent

21 Mar 2017 | 

Starten på eit nytt kapittel

På ei lita øy på Sunnmøre begynte folk å få med seg at det skulle kome eit nytt mottak.

Emilie Hansen

Ekstern Skribent

Emilie Hansen

Ekstern Skribent

På ei lita øy på Sunnmøre begynte folk å få med seg at det skulle kome eit nytt mottak i sentrum, eit mottak for einslege mindreårige asylsøkjarar. Dei kom frå konfliktfylte land, fleste parten frå Afghanistan. Som du sikkert kan sjå føre deg herja bygdedyret fritt vilt og spreidde framandfrykt og fordommar på ein stad som allereie var like blå som havet rundt øyane. No vart barn som hadde rømt frå krig omtala som kriminelle, voldtektsmenn og terroristar. Desse bestemte eg meg for å bli venn med.

Usanne rykte spreidde seg fort, og tanken på å ta kontakt med desse gutane kan ikkje ha vore i hovudet på særleg mange. Folk er redde for det dei ikkje kjenner til, noko som er ein normal menneskeleg eigenskap. Men det er synd når denne frykta går over til fordommar og dermed går utover andre enn ein sjølv. Eg ønskte å vise alle at desse gutane ikkje var noko å vere redd for, samtidig som eg ønskte å vise gutane at dei var hjerteleg velkomne her hos oss.

Slik hadde det seg til at eg, ureligiøs som eg er, enda opp på fredagstreff i kyrkjekjellaren for fyrste gong for å bli kjend med nokon som heller ikkje trudde på at Jesus var Messias. Eg trur ikkje eg overdriv om eg seier at eg hadde nærmast 20 veneførespurnader på Facebook, helst på fleire personar enn det eg greier å hugse namnet på, og skaffa meg planar for både laurdagen og søndagen same helg. Ikkje visste eg at på grunn av den eine kvelden skulle eg møte desse gutane minst ein gong kvar veke, det komande året. Eller at medan ungdom på min alder kallar treningssenteret sin andre heim, skulle mottaket bli min. Eg hadde verkeleg ikkje peiling!

Eg var og er fyrst og fremst venn, ein desse gutane kan stole på. På grunn av dette har eg fått eit ganske unikt innblikk i korleis det er å vere EMA i Noreg. Etter eitt år med det eg no kallar brørne mine, har eg opplevd litt av kvart; fordommar, språkvanskar, møte mellom forskjellige kulturar, integrering eller kanskje rettare sagt mangelen på den. Eg har kome tett på enkeltpersonar og høyrt historiene rett frå kjelda. Samtidig har eg vore vitne til genuin glede, men også noko som kan beskrivast som eit håplause utan ende. Eg har vore på mottaket sidan starten, då der var litt over 40 bebuarar, til den dag i dag når det talet i alle fall er halvvert. Eg har sett tårene og smila, vore saman med dei i glede og sorg, frå våren som kjem med nytt håp til den kalde vinteren som drep det.

Nokre av desse historiene og inntrykka eg no sit att med, ønskjer eg å formidle vidare til deg der ute. Kanskje vil du kjenne deg att i noko av det også, ikkje veit eg. Men det eg no skal fortelje deg er verkelegheita sett gjennom auga på ei 17 år gammal jente. Håpar det er noko som fell i smak.

Artikkelen er den første i en serie.

Vi trenger din støtte! Du kan hjelpe oss i arbeidet mot diskriminering, fordommer og hat ved å dele denne artikkelen eller ved å gi en gave.