Høringer

Høyring – om å opne for moglegheit til å erverve dobbelt stasborgarskap

Antirasistisk Senter sin høyringsuttalelse til kommunal- og forvaltningskomiteen om å opne for moglegheit til å erverve dobbelt stasborgarskap.

Fleire og fleire stater tillet dobbelt statsborgerskap. Folk lever i aukande grad transnasjonale liv. Fleire og fleire migrerer – ikkje berre ein gong, og ein gang for alle, men fleire gonger. Det er snakk om både remigrasjon og sirkulær migrasjon. Transport og kommunikasjon, det å reise, og å halde kontakt over landegrenser er lettere. Internasjonalisering av media gir gjør at en ikke mister oversikten over hva som skjer i «gamlelandet». Det å leve i to land, eller reetablere seg i sitt opprinnelige hjemland når den økonomiske, eller politiske, situasjonen bedrar seg, er noko mange ønskjer. Har ein i integreringsprosessen sagt frå seg sitt gamle statsborgarskap, blir dette vanskelegare, både å halde kontakten, og det er mange byråkratiske og tidkrevjande snublesteinar i ein prosess fram mot reetablering.

I våre dager, der fleire lever transnasjonale liv, med globalisering av økonomi, lynraske kommunikasjonsmidldel og auka personleg både økonomisk og fysisk mobilitet, er det mange argument for dobbelt statsborgerskap.

FN har det siste tiåret hatt høgnivådidalogmøter om internasjonal migrasjon og utvikling, der m.a. migranters utviklingsbidrag i heimlanda har vorte trekte fram. Dei gir, med heimsending av pengar og med entreprenørskap, meir til økonomisk utvikling i det opprinnelige hjemlandet enn utviklingsbistanden frå andre land.

Samstundes som idéen om eitt statsborgerskap og éin sams, nasjonal identitet fortsatt lever, kjenslemessig, viser praksis at ein større og større del av befolkninga, i aukende grad, lever sine liv med tilhørighet til fleire stader og land. Mangfoldig identitet er kanskje ikke fullt ut anerkjent, men i praksis har vi alle fleire identiteter, samtidig. Det vekker likevel emosjonell motstand at man kan ha tilhørighet i to land, lojalitet til to stater.

Argument for å kunne ha dobbelt statsborgarskapet er mellom anna:

– Mogleik for å reise attende til opprinneleg heimland etter eige behov, og være der så lenge en ønskjer, uten å måtte søkje.

– halde på rettar i båe land, kunne flytte med seg opparbeida rett til pensjon og ha rett til å arve eigendom og verdiar i båe land

– fleksibilitet når det gjeld å ta seg av eldre og andre i familien under sjukdom, eller å reise på kort varsel når nære familiemedlemmar ligg for døden.

– Mogleik til å starte økonomisk verksemd i «gamlelandet». Statsborgerskap er viktig for å kunne ha eiendom, bankkonto.

– Flytte tilbake til opprinneleg heimland når ein blir pensjonist, eller opphalde seg i lengre tid i eit anna land enn Noreg, uten å miste mogleiken til å kome tilbake til Norge når ein vil og pleie kontakt med familie, vener og verksemd her,

– Ha stemmerett ved stortingsvalg og dermed kunne påvirke norsk politikk. Stadig fleire lever sine liv med tilhøyrigheit fleire stand.

Stadig fleire stater tillet dobbelt statsborgarskap, også nordiske land, som på alle måtar er nær oss. Dobbelt statsborgarskap har fleire fordelar som det er verdt å dra nytte av, og vil gjere livet lettare for mange. Antirasistisk Senter stør derfor dette forslaget, og vonar at det får gjennomslag i Stortinget.

Mari K. Linløkken, Nestleiar